Styrke sine nettsider

Uke Info


Da var vi her med en kort ukesstatus fra klubbkontoret.

Permitteringssituasjonen i Wireline

Som informert om tidlegare, på grunn av lågare aktivitet framover er klubben og bedrifta einige om å gjennomføre permittering av seks tilsette i Wireline-avdelinga. Dei seks som blir omfatta av permitteringa er no informerte av bedrifta.
Bakgrunnen for tiltaket er den forventa aktivitetssituasjonen, og permitteringane er vurderte som nødvendige for å tilpasse bemanninga på grunn av lavare oppdragsmengde i tida framover.

Me har drøfta med og blitt einige med bedriften om fleire ulike tiltak, men på tross av dette er det besluttet at en er nødt til å permiter 6 årsverk. Per dags dato er det ikkje planlagt ytterlegare permitteringar av personell i Wireline. Klubben har god dialog med bedrifta angåande situasjonen.

Vi er innforståtte med at permitteringar skaper uro for dei som blir ramma, og vi håpar aktivitetssituasjonen betrar seg slik at dei permitterte kan kome tilbake i arbeid så raskt som mogleg.

Om lag 150 år med Wireline-erfaring samla i Stavanger

Denne veka inviterte ledelsen i bedriften 3 av dei som nyleg har gått av med pensjon frå Wireline-avdelinga til ei hyggeleg samling og middag i Stavanger. Til saman representerte oppmøte rundt 150 års erfaring frå Wireline, noko som vitnar om den solide kompetansen og historia som desse har vore med på å bygge i Wireline-avdelinga gjennom mange år.

I tillegg til den sosiale delen fekk pensjonistane ei oppdatering på korleis det går i bedrifta i dag, samt informasjon om aktuelle satsingsområde og framtidsutsikter.

Vi i klubben set stor pris på at bedrifta tek initiativ til slike samlingar. Pensjonistane våre har gjennom mange år bidrege med verdifull kompetanse, innsats og ikkje minst har dei vert med å lært opp mange av dei gode kollegaene våre.

Det er både viktig og gledeleg at dei framleis blir inkluderte og inviterte til hyggjelege møteplassar saman med tidlegare kollegaer i Archer. Me frå klubben ynskjer dei 3 Gunnar`ane ei fin pensjonisttilværelse vidare.

Fra venstre: Gunnar Foss, Gunnar Omland, Jan Steinar Joa, Gunnar Kristensen og Olav edland

Lønnsforhandlingar for individuelt avløna i Wireline

Lønnsforhandlingane for dei individuelt avløna i Wireline startar fredag 2. oktober. Klubben vil gjennomføre forhandlingane saman med bedrifta, og me ser fram til konstruktive forhandlingar. Vi oppmodar aktuelle medlemmar om å ta kontakt med dei tillitsvalde dersom det er spørsmål knytt til forhandlingane.

Tillitsvalgtkonferansen nærmar seg

Det nærmar seg med stormskritt årets tillitsvalgtkonferanse for dei tillitsvalde i Archer. Konferansen går av stabelen neste veke, frå tysdag til torsdag, og det er sendt ut eigen informasjon til alle deltakarane.

For dei som kjem med fly til Gardermoen, går bussen vidare frå holdeplass 12 klokka 10:30. Vi oppmodar alle om å møte i god tid slik at reisa kan gå så smidig som mogleg.

Hugs også å ta med gyldig pass eller ID-kort dersom du ønskjer å gå i land i Kiel under opphaldet.

Vi ser fram til nokre innhaldsrike dagar med fagleg påfyll, gode diskusjonar og erfaringsutveksling.

Lønnsforhandlinger individuelt avlønna i plattformboring.

Lønnsbrevene går ut denne veka, den nye oppdaterte stegmodellen ligg på heimesida, samt inne på sida til 147. Vi vil informere meir opp lønnopgjørene på tillitsvalgtkonferansen.

AMU

Denne veka har vernetjenesten og klubben vert på AMU møte. Der ble blandt annet den nye helikoptertypen AW 189 diskutert. AMU har laget en liste med spørsmål som er oversendt til Equinor.