Reforhandling av lokalsæravtale for offshoreansatte i Wireline
Etter konstruktive forhandlingar med bedriften er vi no i havn med reforhandlinga av lokalesæravtale for Offshore ansatte i Wireline. Den oppdaterte og signerte versjonen ligg no ute på heimesida.
Vi har klart å styrkje avtalen på fleire punkt. Heldigvis er det ikkje fjerna noko frå avtalen, men enkelte punkt krev litt meir fokus på dokumentasjon. For eksempel må kompensasjon for arbeid i opphøyd stilling vere avtalt med operasjon eller HR på førehand. Masketillegg krev og at det blir lagt inn ein kort kommentar i kommentarfeltet på timelista når tillegget blir nytta.
Vidare har vi fått inn i særavtalen at WL-personell med erfaring frå plattformboring, som blir utlånt for ein tur eller over ein lengre periode, skal kompenserast som om dei arbeidde på NR-flyteriggavtalen. Her er det slik at når ein ligg inne under WL-organisasjonen på løn, får ein ikkje opp alle dei same tillegga i timelistesystemet som ein har i plattformboring. Det vil bli sendt ut ein «Guide» frå HR før utreise til desse jobbane som viser korleis dei ulike tilleggene skal førast, f.eks mud-tillegg osv.
Kompensasjon for endring av arbeidsplan (det nokon gjerne omtalar som svingskift) er styrka og sett til kr 4 000. For dei som har fått med seg resultatet av lønsforhandlingane så blei svingskiftet auka til 2600kr i dei sentrale forhandlingane, men vi hadde 3 500,- frå før av i vår lokal avtale. Det kom viare ein endring om at ved fleire endringar i arbeidsplanen på same tur ville det auka kompensasjonen med 1400,- men hos oss i Archer betales dette med 4 000kr kvar gang.
Ved arbeid utanfor Europa skal det avtalast ein eigen avtale for dei som eventuelt ønskjer å reise på slike oppdrag.
Vi har og fått kursprotokollen inn i særavtalen ligg som bilag 2.
Nytt punkt 3.8.5: Ved ventetid på utreisested/heliport/innkvarteringssted ut over to døgn (48 timer). Skal ventetid ut Over dette inngå i oppholdsperioden, med mindre reisen kanselleres. Ventetiden avbrytes ikke dersom utreise blir flyttet til en annen heliport.
Her forsøkte me å få grensa ned til 24 timar. Det fekk me dessverre ikkje til denne gangen, men dette er likevel ei klar forbetring med tanke på at før kunne du sitje mangen dagar på heliporten og vente og likevel måtte arbeide full tur når ein kom ut på installasjonen.
Vi har også fått auka satsen for supervisorar som ønskjer å gå 42/10-rotasjon.
Ved kortare mobiliseringstid enn 8 timar er det no ein kompensasjon på kr 600.
Vi har fått justert satsen for møte i forkant av skift.
Vi har og fått styrka ordninga med matpengar ved helikopterforsinkelse. Ved ventetid på heliport utover to timar har den tilsette rett til eit måltid til kr 200. For kvar påfølgjande firetimarsperiode med ventetid blir det gitt ytterlegare kr 300 til måltid.

Når det gjeld punkt 5.4 Flyteriggtillegg, har det kome inn ei avgrensing samanlikna med tidlegare ordlyd. Det er den siste setninga etter komma som er ny:
«Det ytast eit tillegg på kr 400 for kvar dag den tilsette er på flyterigg og arbeider på heavekompenserande utstyr.»
Dette inneber at flyteriggtillegget berre blir utbetalt dei dagane det faktisk blir utført arbeid på heavekompenserande utstyr, til dømes arbeid i ridebelte og liknande arbeidsoperasjonar. Det er med andre ord ikkje lenger tilstrekkeleg å berre vere ombord på flyterigg aleine for å utløyse tillegget.
Punkt 5.3 Kompensasjon for ukvalifisert kvile er justert og sett til kr 1 147.
For dei som hugsar protokollen vi forhandla fram heilt på slutten av fjoråret, som omhandla kortare utkallingar utanom skift som ville gje minimum to timar overtid, blir denne ikkje teken inn i særavtalen. Grunnen er at vi i årets tariffoppgjer fekk forhandla inn den same ordninga som vi tidlegare hadde avtalt lokalt i Archer. Ordninga er no sikra i tariffavtalen og blir vidareført som punkt 3.17.(X), nummerering vil bli oppdatert når tariffavtalen er ferdigstilt.
Vi hadde tidlegare eit åpent Teams-møte om årets lønnsoppgjer. Det er nokre endringar knytte til pensjon som vil få verknad frå januar for dei som går på matrisa.
Desse justeringane er gjort i samarbeid med dei tillitsvalde i WL avdelinga, bedriften og Styrke sentralt. Det gjeld dei kr 5 000 som etter planen skulle leggjast til matrisa frå 1. januar. Desse vil ikkje kome til utbetaling før etter lønnsoppgjeret i juni 2027.
Bakgrunnen er at dette var ein del av avtalen som gjorde at vi i Wireline fekk ta del i den auka pensjonsordninga som er forhandla fram på NR-flyteriggavtalen i plattformboring. Det eine ekstra pensjonsprosentpoenget, der innbetalinga aukar frå 4 til 5 prosent, har ein årleg verdi på om lag kr 9 700. I praksis er dette difor ein bytehandel der ein har valt å prioritere ei varig og aukande styrking av pensjonsvilkåra. Dette er noko vi har arbeida med mykje for å få ei løysning på og vi er glad for å ha fått til ein avtale som gjer at medlemmene våre får ei auka pensjons innbetaling.
Det var ikkje veldig mange som deltok på møtet om lønnsoppgjeret. Dersom det er ønskje om eit nytt møte for å gå gjennom endringane og svare på spørsmål, er det berre å gi beskjed. Då set vi gjerne opp eit nytt møte dersom interessa er der. Er det noko de synest er uklart med særavtalen er det berre å ta kontakt med oss så skal me svare etter beste evne!
Eg vil og nevne at me ser på om me kan samle avtalane for dei som går 2-4-rotasjon i ei felles avtale. Grunnen til det er at fleire av skiftplanavtalane me har i dag er gamle og ikkje heilt treffande for korleis ting fungerer no. Tanken er derfor å rydde litt opp og samle dette i ein avtale i staden for å ha eigne avtalar for kvart felt eller kvar installasjon. Det vil gjere det enklare både for dei som går på skiftplan og for HR å halde oversikt og administrere ordningane.
Til slutt håpar eg at dei nye eigarane av Ekofisk og Eldfisk ønskjer å ha oss med vidare på laget når den tid kjem!
Den oppdaterte og signerte versjonen finn du her.



